Om Garen camping

velkomen til oss

Du finn oss i Eidfjord kommune, like ved RV 7. Garen camping ligg ved foten av Nord-Europas største høgfjellsplatå, Hardangervidda. Dette gir DEG som gjest eit utall av moglegheiter til å oppleva og nytta naturen.

Garen camping er eit godt utgangspunkt for dagsturar til Bergen i vest, Sognefjorden i nord, Hallingdal i aust og Haugesund i sør. Du kan oppleva Hardangervidda, den tronge Måbødalen og Hardangerfjorden på nokre timar.

Elles byr området "rett utanfor døra" på opplevingar, serverdigheiter og aktivitetar.

Garen camping ligg like ved elva Bjoreio. Dette er ei god fiskeelv som gjer oss mang ein raud og fin fjellaure. År etter år kjem dei faste fiskarane tilbake og leitar opp sine hemmelege stadar i elva. Litt lenger til fjells finn me utallige fjellvatn der storfisken vikar om sumaren – det er berre å ta sekken og fiskestanga på ryggen så får du garantert fine opplevingar.