Du finn oss i Eidfjord kommune, like ved RV7.

 

Garen camping ligg ved foten av Nord-Europas største høgfjellsplatå, Hardangervidda.
Dette gir deg som gjest mange moglegheiter til å oppleva og nytta naturen.
Området "rett utanfor døra" byr på opplevingar, severdigheiter og aktivitetar.

 

 
_MG_7978.JPG

Om Garen camping

Hyttene og campingplassen er opnE heile året

Garen Camping er eit godt utgangspunkt for dagsturer til Bergen i vest, Sognefjorden i nord, Hallingdal i aust og Haugesund i sør. Du kan oppleva Hardangervidda, den tronge Måbødalen og Hardangerfjorden på nokre timar.

_MG_8005.JPG

Hytter

Hytter i ulike storleIkar

Vi kan til deg og ditt reisefylgje tilby hytter av ulik standard og storleik, frå velutstyrte 4, 6 og 8 persons hytter til enkle hytter for 2 og 4 personar. 

 
_MG_8233.JPG

Camping

Telt, bubil, campingvogn etc.

Det er sett av eit stort område til telt, campingvogner og bubilar. Området for desse einingane ligg litt utanfor hytteområdet, nær elva Bjoreio. Her kan du velja din eigen plass, det er tilgang til elektrisitet på store delar av området.

_MG_7972.JPG

Fasilitetar

Vatn, straum etc.

Det er sett ut stolar, bord og benkar rundt på heile området der du kan nyta måltida ute i det fri – når været spelar på lag. Kva er vel betre enn å nyta ein kopp kaffi ein tidleg morgon medan sola står opp og naturen vaknar så smått til liv?

Nærområdet

 

Garen Camping er eit godt utgangspunkt for dagsturer til Bergen i vest, Sognefjorden i nord, Hallingdal i aust og Haugesund i sør. Du kan oppleva Hardangervidda, den tronge Måbødalen og Hardangerfjorden på nokre timar.